Familiemedlem av militærpersonell


Viss du er ektefelle, sambuar eller barn av militærpersonell og ikkje skal arbeide i Noreg, treng du ikkje søkje om opphaldsløyve.

Viss du skal arbeide eller drive næringsverksemd i Noreg, må du søkje om eit opphaldsløyve som familiemedlem av militærpersonell.

Krav for å få opphaldsløyve 

  • Du må vere ektefelle, sambuar eller barn av
    • militærpersonell som tilhøyrer ein medlemsstat i NATO, eller
    • militært eller sivilt personell i den amerikanske styrken.
  • Du må ha fått ei stadfesting på status av det norske forsvarsdepartementet.