Registreringsbevis for EU/EØS-borgarar
Norske styresmakter krev at du skal registrere deg når du er ein EU/EØS-borgar som bur i Noreg. Formålet med registreringa er at norske styresmakter skal ha oversyn over kor mange EU/EØS-borgarar som bur i Noreg.
Registreringsbeviset er ikkje eit dokument som stadfestar at du har opphaldsrett i Noreg. Viss du treng å dokumentere at du har opphaldsrett, gjer du det ved å vise fram for eksempel arbeidskontraktar, lønnsslippar, studiebevis eller liknande til dei som ber deg om å dokumentere opphaldsretten din.
- Eit registreringsbevis er eit dokument som stadfestar at politiet har registrert deg.
- Du skal berre registrere deg éin gong, same kor lenge du skal bu i Noreg. Du kan også for eksempel byte frå å vere student til å vere arbeidstakar utan å registrere deg på nytt.
- Dersom du har mista registreringsbeviset ditt og treng ein kopi, må du kontakte det lokale politidistriktet ditt eller eit SUA-kontor (eksternt nettsted). Vêr oppmerksam på at registreringsbeviset ditt ikkje kan brukast for å stadfeste at du har opphaldsrett i Noreg. Viss du treng å dokumentere at du har opphaldsrett, gjer du det ved å vise fram for eksempel arbeidskontraktar, lønnsslippar, studiebevis eller liknande til dei som ber deg om å dokumentere opphaldsretten din.
- Når du søker om registrering som EU/EØS-borger, må du òg søke om eit norsk identitetsnummer (eksternt nettsted) og skattekort (eksternt nettsted) fra Skatteetaten.
- Dersom du er i Noreg i meir enn tre månader utan å registrere deg, kan du få ei bot.