Tekniske ekspertar


Nokre tekniske ekspertar treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.

Krav

  • Du må vere teknisk ekspert.
  • Du skal montere, demontere, kontrollere, reparere eller halde ved like maskiner eller teknisk utstyr. Du kan også informere om bruken av dette. Med teknisk utstyr meiner vi apparat, verktøy og IT-utstyr, for eksempel software.
  • Du kan ikkje ha arbeidsgivar i Noreg.
  • Oppdraget du skal utføre, kan ikkje ta meir enn tre månader. Det inneber at oppdragsgivaren ikkje kan hente inn ein ny teknisk ekspert utan opphaldsløyve dersom oppdraget likevel tek meir enn tre månader. 
  • Du eller oppdragsgivaren din må melde frå skriftleg til politiet før du reiser inn til Noreg.