Korleis får ein EU/EØS-borgar eit D-nummer eller eit fødselsnummer?


Statsborgarar av eit EU/EØS-land må sjølv kontakte Skatteetaten for å få tildelt eit D-nummer eller fødselsnummer.

Statsborgarar av eit EU/EØS-land får fødselsnummer frå Skatteetaten ved å melde flytting til Noreg etter at dei har registrert seg. Du må melde flytting til Skatteetaten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu)

Eit fødselsnummer er eit permanent identitetsnummer (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu)

Viss ein EU/EØS-borgar vil byrje å arbeide før han/ho har registrert seg, må han/ho søkje om skattekort hos Skatteetaten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu).

Skatteetaten kan då gi deg eit D-nummer (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu) som er eit mellombels identitetsnummer.