Kan eg la andre lese den digitale posten min?
Ja, dersom du vil at nokon andre skal kunne opne breva du får, kan du gi dei tilgang til den digitale postkassen din (eksternt nettsted). Du kan til dømes gi tilgang til ektefellen din eller ungane dine.
Dersom du skal gi nokon andre tilgang, må den personen også ha ein digital postkasse sjølv. For at nokon skal kunne få sin eigen postkasse, må dei vere over 15 år gamle.
Det er berre du som kan gi nokon andre tilgang til postkassen din. Dersom du vil at nokon du har gitt tilgang til postkassen din, ikkje skal ha det lenger, kan du fjerne tilgangen igjen.