Brexit
-
Kva inneber brexit?
Storbritannia forlét EU 31. januar 2020. Britiske statsborgarar er ikkje lenger EU- eller EØS-borgarar.
Ved utmeldinga vart det avtalt å ha ein overgangsperiode, der Storbritannia blir behandla som medlemmer av EU fram til 31. desember 2020, med moglegheit for forlenging. Det vart utarbeidd ein tilsvarande avtale mellom Storbritannia og EØS-landa og Sveits, som sørgt for at overgangsordninga også gjeld Noreg.
Britiske borgarar og familiemedlemmene deira som hadde opphaldsrett før overgangsperioden gjekk ut har framleis rett til opphald og arbeid i Noreg. Dei har hatt høve til å søkje om eit Brexit-løyve. Søknadsfristen var 31.desember 2021.
Frå 1. januar 2022 må alle britiske borger og familiemedlemmene deira som ønskjer å busetje seg i Norge søkje om løyve gjennom ordinært regelverk.
-
Eg har sendt inn søknad om løyve digitalt, men ikkje fått time hos politiet endå. Kan eg framleis vere her?
Ja, dersom du har sendt inn søknaden digitalt og fått kvittering på det, kan du halde fram med å vere i Noreg fram til søknaden er behandla.
Viss du ikkje har bestilt time enno, bestiller du time når du får beskjed frå politiet om å gjere det.
-
Eg har søkt om løyve, men ikkje fått svar på søknaden min. Kva skal eg gjere?
Det er dessverre mange som ikkje har fått svar på søknaden sin. Viss du ikkje har fått svar treng du ikkje å gjere noko anna enn å vente på svar. Du kan halde fram med å vere i Noreg fram til du har fått svar på søknaden din.
-
Kor lenge må eg vente før eg får svar på søknaden min?
Det er mange som har søkt om brexit-løyve som dessverre ikkje har fått svar på søknaden sin endå. UDI har mange saker som ligg i kø for å bli behandla, og vi veit ikkje kor lang tid det vil ta før du får svar. Viss du ringjer oss, kan vi dessverre ikkje gi deg meir informasjon om ventetida enn det du finn her.
-
Eg har opphaldsrett i Noreg, men ikkje fått svar på brexit-søknaden min. Når eg skal reise til utlandet, korleis kan eg dokumentere at eg har rett til opphald så eg får reise inn igjen etter 1 januar 2022?
For å vise at du har opphaldsrett i Noreg kan du ta med kvitteringa på at du har søkt om eit brexit-løyve. Du fekk ei slik kvittering då du sende inn søknaden din digitalt. I tillegg kan du ta med registreringsbeviset du fekk av politiet då du registrerte deg som EU/EØS-borgar. Viss du har familiemedlemmer i Noreg som ikkje er britiske borgarar, skal dei ta med det opphaldskortet dei har fått av politiet.
Viss du ikkje har tilgang på registreringsbeviset ditt, eller kom til Noreg før registreringsordninga kom på plass, kan du ta med deg ein bustadsattest frå skatteetaten for å vise at du er busett i Noreg. Du kan bestille bustadsattest frå skatteetaten via Altinn (eksternt nettsted). Merk at det tek nokre dagar å få denne tilsendt, så bestill den i god tid.
-
Korleis får eg eit D-nummer eller eit fødselsnummer?
Viss du er ein britisk borgar som kom til Noreg før 1. januar 2021, eller familiemedlem av ein britisk borgar som kom til Noreg før 1. januar 2021, må du sjølv kontakte Skatteetaten for å få tildelt eit D-nummer eller eit fødselsnummer.
Du kan ikkje kontakte UDI eller politiet for å få D-nummer eller fødselsnummer.
Et D-nummer (eksternt nettsted) er eit mellombels identitetsnummer. Eit fødselsnummer (eksternt nettsted) er eit permanent identitetsnummer.
Du får fødselsnummer fra Skatteetaten ved å melde flytting til Noreg (eksternt nettsted), dersom Skatteetaten meiner du fyller vilkåra for dette.
-
Eg er britisk borgar og ønskjer å besøkje Noreg. Må eg søkje om besøksvisum for å reise til Noreg no?
Nei. Britiske borgarar kan reise inn og opphalde seg i Noreg og resten av Schengenområdet utan visum. Du kan opphalde deg på Schengenområdet i inntil 90 dagar i løpet av alle periodar på 180 dagar. Viss du treng å opphalde deg lengre enn 90 dagar, må du søkje om eit opphaldsløyve.
Merk at så lenge Noreg har innreiserestriksjonar på grunn av koronasituasjonen, så vil britiske borgarar som bur i Storbritannia høyre inn under regelverket som gjeld for borgarar utanfor EU/EØS, som er busett i eit land utanfor EU/EØS, frå og med 1. januar 2021.
Dersom du er ein britisk borgar som er busett i eit EU/EØS-land (ikkje Storbritannia), er det reglane for borgarar som bur i eit EU/EØS-land som gjeld for deg.
-
Eg har et familiemedlem frå eit visumpliktig land som har opphaldsløyve i Storbritannia basert på EU Settlement Scheme. Treng familiemedlemmet mitt visum for å besøkje Noreg?
Ja, familiemedlemmet ditt treng visum for å besøkje Noreg. Opphaldsløyve i Storbritannia basert på EU Settlement Scheme gir ikkje visumfridom til Schengenområdet, inkludert Noreg.