Noregs visumfasiliteringsavtale med Russland


Frå 22. september 2022 blir Noregs visumfasiliteringsavtale med Russland mellombels oppheva.

Publisert: 23.09.2022

Det betyr at ordinære reglar om dokumentasjon, flerreisevisum, gebyr og ventetid òg òg gjeld for russiske borgarar. Dei forenkla reglane i visumfasiliteringsvtalen vil ikkje gjelde så lengje avtalen er oppheva.

Følgjande letter er oppheva: 

  • letter i dokumentasjonskravet
  • utskriving av flerreisevisum
  • gebyrfridom eller redusert søknadsgebyr
  • redusert ventetid
  • visumfridom for personar med diplomatisk pass

Gebyr for søknader registrert før 22. september

Viss du har registrert søknaden din før 22. september og har betalt 35 euro, kan du levere søknaden til og med 6. oktober 2022.

Viss du leverer søknaden din frå og med 7. oktober, må du betale det vanlege visumgebyret på 80 euro (40 euro for barn frå 6 til og med 11 år). For å betale det vanlege gebyret må du registrere ein ny søknad om visum. Du får tilbakebetalt det første gebyret viss du legg ved stadfesting på betalt gebyr (med kvitteringsnummer/referansenummer) frå den første søknaden din, saman med tilleggsdokumenta du leverer for den nye søknaden din. Barn under 6 år betaler ikkje gebyr og treng ikkje registrere ny søknad.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?