Dokumentere lovleg opphald medan du ventar på opphaldskort


Her kan du lese korleis du kan dokumentere at du har lovleg opphald i Noreg medan du ventar på å få opphaldskortet.

Publisert: 23.09.2022

Det kan vere lang ventetid for å få opphaldskortet

Når du får eit opphaldsløyve i Noreg, skal du få eit opphaldskort som dokumenterer at du har lovleg opphald og om du har rett til å arbeide i Noreg. Viss du har avgrensingar i tilgangen til å arbeide, står det på opphaldskortet. Det kan ta noko tid frå du får eit opphaldsløyve til du mottar opphaldskortet i posten. Mange som har søkt frå Noreg treng ikkje å møte hos politiet for å bestille opphaldskort. Personar som har søkt frå utlandet må møte hos politiet for å bestille opphaldskort. Hos fleire politidistrikt i landet kan det ta tid før du får ein time. I tillegg kan det ta noko tid med sjølve produksjonen av opphaldskortet og utsendinga i posten.

Du kan vise vedtaket til arbeidsgivar eller offentlege etatar

Opphaldskort er den beste måten å dokumentere lovleg opphald og rett til å arbeide på. Du kan òg vise fram vedtaksbrevet ditt frå UDI eller politiet, eller ei stadfesting du har fått frå UDI eller politiet. Vedtaksbrevet ditt vil du ha fått enten i Digipost eller i postkassa di kort tid etter at vedtaket vart fatta. I vedtaksbrevet vil det stå kva rettar du har, og viss du har søkt frå Noreg, vil det òg stå for kva periode vedtaket gjeld.

Arbeidsgivarar eller offentlege etatar kan spørje UDI om du har lovleg opphald

Andre offentlege etatar eller arbeidsgivarar har òg moglegheit til å sjekke om du har lovleg opphald og rett til å arbeide ved å kontakte UDI. Mange offentlege etatar har tilgang til denne informasjonen gjennom eigne system, og viss ikkje kan dei henvende seg til UDI via dette kontaktskjemaet. Arbeidsgivarar som lurer på om ein tilsett har rett til å arbeide, kan òg kontakte UDI via dette kontaktskjemaet.

Informasjon til deg som har søkt frå utlandet

Viss du har fått eit opphaldsløyve som gir deg rett til å arbeide, kan du byrje å arbeide når du har møtt hos politiet og politiet har bestilt opphaldskort til deg.

Det kan vere lange ventetider hos politiet for å bestille opphaldskort. Sjølv om du ikkje har fått opphaldskort enda, kan du byrje å studere eller arbeide no viss du har fått eit opphaldsløyve som gir deg rett til å studere eller arbeide, og du har booka time hos politiet for å bestille opphaldskort. Dette vil ikkje få nokon konsekvensar for deg.

Dersom det ikkje er mogleg å booke time hos politiet, må du ta kontakt med UDI på telefon eller e-post for å melde frå om at du er i Noreg og at du startar å studere eller arbeide. Du må likevel møte hos politiet for å bestille opphaldskort når dette blir mogleg.

Dokumentasjon av lovleg opphald ved utanlandsreiser

Når det gjeld reiser utanlands for deg som er frå eit land utanfor EU/EØS og som er busett i Noreg, så er det som hovudregel ikkje nokon annan måte å dokumentere lovleg opphald i Noreg på enn gjennom opphaldskort. Dersom du reiser utanlands utan eit gyldig opphaldskort, så gjer du det på eige ansvar. Du kan då oppleve problem i grensekontrollen inn til Schengen/Noreg, eller ved ein ID-kontroll i eit anna Schengenland. Det kan altså hende at du då får problem med å reise inn igjen i Noreg etter utanlandsoppholdet.

UDI kan dessverre ikkje gi deg ei stadfesting på at du har lovleg opphald som du kan bruke i samband med reise til utlandet.

Her kan du lese meir om kravet om gyldig opphaldskort ved utanlandsreiser.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?