Nettsida www.udi.no fungerer ikkje i nettlesaren Opera Mini, som du bruker no. Du må bruke ein annan nettlesar, til dømes Opera eller standardnettlesaren på telefonen din.
Melde statsborgarskap for dei som tidlegare har vore norsk statsborgar
Skal søkje Melde statsborgarskap for dei som tidlegare har vore norsk statsborgar
Du kan levere ei enkel melding om statsborgarskap viss du tidlegare har vore norsk, og mista norsk statsborgarskap fordi du blei borgar av eit anna land eller ikkje gav frå deg tidlegare statsborgarskap.
Søkjaren er personen som ønskjer å bli norsk statsborgar.
Dersom du er borgar av fleire land, og eitt av dei er eit EU/EØS-land, vel du dette.
Dette må du sjekke at er i orden før du byrjar søknadsprosessen
Du må tidlegare har vore norsk statsborgar. Viss du er usikker på om du blei norsk statsborgar fordi mora eller faren din var norsk, kan du sjekke dette i guiden vår. Dersom du tidlegare har fått tilsagn om norsk statsborgarskap med krav om å løyse deg frå det opphavlege statsborgarskapet ditt, og deretter fekk avslag på søknad om statsborgarskap fordi du ikkje løyste deg frå det, har du ikkje vore norsk statsborgar. Då må du søke om norsk statsborgarskap på nytt.
Du må ha mista det norske statsborgarskapet ditt av ein av desse grunnane
du blei borgar av eit anna land før 1. januar 2020, eller
du blei norsk statsborgar etter å ha søkt om det, men du sa ikkje frå deg det tidlegare statsborgarskapet ditt innan fristen du fekk frå UDI. Viss dette gjeld deg, har du fått eit vedtak frå UDI.
Du kan ikkje ha mista det norske statsborgarskapet fordi du ikkje budde lenge nok i Noreg før du fylte 22 år. Viss du er usikker på om du mista statsborgarskapet ditt av denne grunnen, kan du sjekke dette i guiden vår.
Viss du mista det norske statsborgarskapet ditt fordi du blei statsborgar av eit anna land, må du sørge for at dette er registrert i det norske folkeregisteret. Viss det ikkje allereie er registrert at du blei statsborgar av eit anna land, må du sende eit brev til Folkeregisteret der du ber om dette (ekstern nettstad), og legg ved dokumentasjon på når og korleis du blei statsborgar av eit anna land. Dersom du er usikker på om dette er registrert, må du sjekke med Folkeregisteret (ekstern nettstad)). Dette må vere riktig registrert før du leverer melding om statsborgarskap.
Viss du blei norsk statsborgar då du blei fødd, må du ha opphalde deg i Noreg i til saman seks månader før du fylte 22 år. Dette kan vere fordelt på fleire kortare opphald/feriar.
Viss du har fylt 15 år: I perioden sidan du mista det norske statsborgarskapet ditt, kan du ikkje vere:
sikta eller tiltalt for eit forhold som kan føre til fengselsstraff, forvaring, tvungen psykisk helsevern eller tvungen omsorg i Noreg eller utlandet,
dømt til fengselsstraff, forvaring, tvungen psykisk helsevern eller tvungen omsorg i Noreg eller i utlandet, eller
dømt for visse typar alvorlege lovbrot slik som terror, folkemord og lovbrot mot menneskeheten.
Frå 1. januar 2020 er det ikkje eit krav at du gir frå deg det tidlegare statsborgarskapet ditt for å bli norsk statsborgar. Du kan ha eitt eller fleire statsborgarskap i tillegg til det norske. Viss landet du er statsborgar av no ikkje tillèt at du har fleire statsborgarskap, kan du likevel miste dette statsborgarskapet når du blir norsk.
Du må sjølv undersøkje kva reglar som gjeld i landet du er statsborgar av no. Du kan til dømes sjå etter informasjon på ei offisiell nettside som høyrer til styresmaktene i dette landet, eller spørje ein ambassade.
Du treng ikkje å gi beskjed til norske styresmakter om at du ønsker å behalde det tidlegare statsborgarskapet ditt.