Kunstnar, musikar eller artist

Du som skal jobbe i Noreg i maksimalt 14 dagar

Artistar, kunstnarar, musikarar og hjelpepersonellet deira treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal ha konsertar/førestillingar i Noreg i til saman maksimalt 14 dagar i løpet av eit kalenderår. Du eller oppdragsgivaren din må melde frå skriftleg til politiet før du reiser inn til Noreg. Du må sjekke om du treng besøksvisum. 


Du som skal jobbe i Noreg i meir enn 14 dagar

Krav til arbeidstakaren

Krav til arbeidsforholdet

  • Du må ha eit konkret tilbod om arbeid som artist, musikar, kunstnar eller nødvendig hjelpepersonell som følgjer med.
  • Formålet med arbeidet må vere å formidle kultur, for eksempel gjennom musikk, dans, teater eller sirkus.
  • Hovudregelen er at du må ha eit tilbod om heiltidsarbeid. Det vil vanlegvis seie 37,5 timar per veke. For musikarar eller danseorkester er det nok med 21 timar per veke.
  • Tilbodet om arbeid må vere for eit bestemt, samanhengande tidsrom. Du kan ha éin eller fleire arbeidsgivarar eller oppdragsgivarar. Dersom du har periodar da du ikkje har arbeid eller oppdrag, kan dei ikkje utgjere meir enn 20 prosent av tida du er i Noreg.
  • Lønns- og arbeidsvilkåra kan ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg. Det vil seie at du må få lønn etter tariffavtale for bransjen. Dersom det ikkje finst nokon tariffavtale, kan ikkje lønna di vere dårlegare enn det som er normalt for yrket ditt der du skal jobbe. For eksempel skal musikarar, sirkusartistar og deira nødvendige hjelpepersonell ha ei lønn på minst 

    265 998 kroner i året før skatt

    . Dei som er engasjerte av Kulturtanken, tidlegare Rikskonsertane, har ei eiga avtale (ekstern nettstad).
  • Dersom du er mellom 15 og 18 år, må du ha samtykke frå foreldra dine eller andre som har foreldreansvar for deg. Barn under 15 år kan ikkje få opphaldsløyve etter desse reglane, men kan søkje om opphaldsløyve etter reglane om familieinnvandring.

Rettar og plikter

  • Dersom du skal byte stilling, oppdrag eller arbeidsgivar, må du søkje om nytt opphaldsløyve.
  • Du kan få løyve for maksimalt eitt år om gongen. Du må ha vore ute av Noreg i tre månader før du kan få nytt løyve.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve. 
  • Ektemaken eller sambuaren din og barna dine kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.