• har fått bøter og førelegg og det er mindre enn 2 år sidan du fekk dei
• har fått fengselsstraff
• har fleire førelegg eller dommar
• er dømd til tvungent psykisk helsevern
• er under etterforsking av politiet eller tiltalt i ei sak som enno ikkje er avgjord
Når du er dømd til fengsel utan vilkår eller til forvaring, må du vente lenger før du kan få permanent opphaldsløyve. Butida du må ha for å kunne få permanent opphaldsløyve i Noreg, kjem i tillegg.
I denne tabellen kan du sjå kor lenge du må vente (i tillegg til butid):
Fengselsstraff eller forvaring | Ventetid |
---|---|
Inntil 90 dagar | 2 år |
Inntil 6 månader | 3 år |
Inntil 1 år | 4 år |
Inntil 2 år | 5 år |
Inntil 3 år | 6 år |
Inntil 4 år | 7 år |
… | … |
Inntil 30 år | 33 år |
Tida du sit i fengsel eller forvaring eller sonar ei ungdomsstraff, tel ikkje med i butida du må ha i Noreg for å få permanent opphaldsløyve.
Når du har fått bøter, må du vente lenger før du kan få permanent opphaldsløyve. Butida du må ha for å kunne få permanent opphaldsløyve i Noreg, kjem i tillegg. I denne tabellen kan du sjå kor lenge du må vente.
Størrelse på bota | Ventetid |
---|---|
Frå 1 krone til 3000 kroner | 6 månader |
Frå 3001 kroner til 5000 kroner | 1 år |
Frå 5001 kroner | 1–2 år |
Dersom du får fleire bøter, må du vente i maksimalt 2 år.
Når du har fått fengsel på vilkår, må du vente lenger før du kan få permanent opphaldsløyve. Butida du må ha for å kunne få permanent opphaldsløyve i Noreg, kjem i tillegg.
• Dersom du er dømd til fengsel på vilkår på inntil eitt år, må du vente eitt år ekstra.
• Dersom du er dømd til fengsel på vilkår i meir enn eitt år, må du vente to år ekstra. Vanlegvis vil du ikkje få permanent opphaldsløyve i den perioden dommen gjeld.
Når du er blitt dømd til tvungent psykisk helsevern, må du vente lenger før du kan få permanent opphaldsløyve. Etter at perioden med tvungent psykisk helsevern er avslutta, må du tene opp butid på ny.
Når du er blitt dømd til samfunnsstraff, må du vente lenger før du kan få permanent opphaldsløyve. Butida du må ha for å kunne få permanent opphaldsløyve i Noreg, kjem i tillegg.
Dersom du er dømd til samfunnsstraff, må du tene opp eitt år med ekstra butid etter at du har gjennomført samfunnsstraffa. Vanlegvis vil du ikkje få permanent opphaldsløyve i den perioden du gjennomfører straffa.
Dersom du er sikta eller under etterforsking, får du ikkje svar på søknaden din om permanent opphaldsløyve før det er avgjort om du får straff. Du kan få fornya opphaldsløyvet ditt dersom du oppfyller vilkåra for fornying.
Dersom du er blitt dømd eller har fått bøter fleire gonger, må du vente ekstra lenge på å få permanent opphaldsløyve. Du får da lengre ventetid enn om det berre hadde vore eitt straffbart forhold.
Dersom du er blitt dømd eller har fått bøter i utlandet, må du vente like lenge som om du hadde blitt dømd i Noreg.
Det gjeld ikkje dersom det du er blitt dømd for, ikkje er straffbart i Noreg.
Dersom du har fått strengare straff enn det du kunne ha fått i Noreg, blir tida du må vente, berekna ut frå den maksimale straffa du kunne ha fått i Noreg.