Besøksvisum (besøk og ferie)


Vi har mange saker til behandling no, og det påverkar dessverre ventetidene våre. Dette fører òg til at fleire ringar veiledningstjenesten til UDI. Viss du ikkje har høyrt noko om saka di så er den ikkje ferdig behandla endå. 

Ventetida gjeld frå den dagen saka er registrert hos ambassaden. Viss søknaden din blir behandla av ein ambassade i eit anna land, vil det ta nokre dagar ekstra, fordi søknaden din skal sendast med bod til og frå ambassaden. Nokre stadar kan det ta opptil to veker frå saka blir send frå VFs søknadssenter til ambassaden mottar han. Du finn informasjon på nettsidene til ambassaden om kor lang tid dette tek.

Kor lenge må du til vanleg vente på svar?

Dersom søknaden din blir behandla av ambassaden i landet du bur i, får du vanlegvis svar innan 15 dagar etter at du leverte søknaden på VFS søknadssenteret, konsulatet eller ambassaden.

Dersom søknaden din blir behandla av ein ambassade i eit anna land, vil det ta nokre dagar ekstra, fordi søknaden din skal sendast med bud til og frå ambassaden.

For kva slags søknadar tek det meir tid å få svar?

Dei aller fleste søknadene blir behandla av ambassaden, men dersom ambassaden er i tvil om du kan få visum, sender dei søknaden din til UDI.

Vi kan ikkje svare på om saka vil bli sendt til UDI, det er det ambassaden som bestemmer. Viss saka di blir send til UDI får du beskjed om det på e-post eller sms. Sendast saka til oss for behandling kan vi dessverre ikkje garantere at ho blir behandla innan 45 dagar, fordi vi har mange saker i kø.

Klagar på avslag

Du vil vanlegvis få svar på klaga innan 12 månader etter at du leverte søknaden om besøksvisum på søknadssenteret, ambassaden eller konsulatet. 

I samband med koronasituasjonen og opninga av grensene har UDI fått fleire oppgåver som må prioriterast. Ventetida kan derfor endre seg og bli lengre medan klaga di er til behandling. Her kan du lese kva som kan gjere at ventetida forandrar seg og korleis du kan halde deg oppdatert.


Denne informasjonen vart sist oppdatert 

21. mars 2023

og blir oppdatert neste gong 

22. april

Kva kan du gjere for å bidra til å få svar så raskt som mogeleg?

  • Sørg for at søknaden er fullstendig og korrekt utfylt.
  • Sørg for at alle nødvendige dokument ligg ved, sjå sjekklistene våre.
  • Sørg for at vi har oppdatert kontaktinformasjon for deg og den som har invitert deg til Noreg.
  • Sørg gjerne for at den som har invitert deg på besøk, har fått fullmakt frå deg,frå deg, slik at vi kan gi viktige beskjedar til han eller henne.