Nettsida www.udi.no fungerer ikkje i nettlesaren Opera Mini, som du bruker no. Du må bruke ein annan nettlesar, til dømes Opera eller standardnettlesaren på telefonen din.
To menneske kan gifte seg dersom begge er over 18 år, er einige om det og sjølve ønskjer det. Eit barneekteskap er eit ekteskap mellom to barn eller mellom ein vaksen og eit barn. Dersom nokon giftar seg mot sin vilje er det eit tvangsekteskap.
Det er straffbart å gifte seg med nokon som er under 16 år når ekteskapet blir inngått.
Det er straffbart å ha seksuell omgang med nokon som er under 16 år.
Det er straffbart å tvinge eller presse nokon til å gifte seg.
Dersom nokon giftar seg mot sin vilje etter å ha blitt utsett for press, truslar eller annan psykisk eller fysisk vald, uavhengig av alder, er det eit tvangsekteskap.
Den som tvingar nokon inn i eit ekteskap, risikerer fengselsstraff i inntil seks år. Dette gjeld òg dersom ekteskapet er inngått i utlandet. Utanlandske statsborgarar som blir dømde for dette, kan bli utviste frå Noreg.
Dersom du er blitt tvangsgifta, kan du få skilsmisse utan separasjon. Du kan òg søkje om at ekteskapet blir gjort ugyldig. Dette må du søkje om innan seks månader etter at du blei fri frå tvangen, og seinast fem år etter at du blei gift. Dersom ekteskapet blir gjort ugyldig, blir du registrert som ugift etterpå, og ikkje som skild.
Dersom du er utsett for tvangsekteskap, kan du få hjelp. Du kan få eit trygt butilbod på eit krisesenter, hjelp frå barnevernet, rettleiing og advokathjelp dersom du ønskjer å melde det og å gjere ekteskapet ugyldig.
Tvangsekteskap og ekteskap inngått i utlandet med ein mindreårig vil normalt ikkje gi rett til familieinnvandring som ektefelle.
UDI kan avslå ein søknad om familieinnvandring dersom vi meiner at du eller ektefellen din er utsett for tvangsekteskap, eller dersom du gir oss slike opplysningar.
Det er du som avgjer om søkjaren skal komme til Noreg på familieinnvandring med deg. Dersom du ikkje ønskjer at søkjaren skal komme, er det viktig at du gir oss informasjon om det. UDI vil då avslå søknaden. Du treng ikkje komme med noka grunngiving for kvifor du ikkje ønskjer at søkjaren skal komme til Noreg.
Dersom du har komme til Noreg på familieinnvandring med ektefellen din, kan du søkje om eit eige opphaldsløyve i Noreg dersom ekteskapet blir gjort ugyldig på grunn av tvang.
Dersom du har komme til Noreg på familieinnvandring med sambuaren eller ektefellen din, kan du søkje om eit eige opphaldsløyve for deg og barna dine dersom du er utsett for vald/mishandling i forholdet.
Dersom du fryktar å bli utsett for tvangsekteskap i heimlandet, kan du søkje om vern (asyl) i Noreg.
Dersom du er redd for at du skal bli gifta bort mot din vilje medan du er i utlandet, bør du ikkje reise. Det kan vere vanskeleg for norske styresmakter å hjelpe deg i utlandet. Du bør søkje hjelp dersom du er redd for tvangsekteskap i utlandet. Du kan kontakte politiet når som helst for å få hjelp, også på flyplassen.
Dersom du er redd for at nokon vil tvinge deg til å reise, kan du levere inn passet ditt til politiet.
Dersom du er redd for at du skal bli gifta bort mot din vilje, og er under 18 år, bør du ta kontakt med barnevernet.
Dersom du reiser, bør du først la ein du stolar på, vite kvar du skal, og korleis ein kan kontakte deg. Gi denne personen, for eksempel ein lærar, ein kopi av passet ditt og be dei kontakte politiet dersom du ikkje kjem tilbake til Noreg til avtalt tid. Du kan òg gi beskjed til den norske ambassaden om situasjonen din.
UDI eller politiet der du bur, for å få hjelp til å søkje om opphaldsløyve, eller for å gi opplysningar om tvangsekteskap ved søknad om familieinnvandring