Registreringsbevis for EU/EØS-borgarar


Eit registreringsbevis er eit dokument som stadfestar at politiet har registrert deg som EU/EØS-borgar som bur i Noreg. 

Norske styresmakter krev at du skal registrere deg når du er ein EU/EØS-borgar som bur i Noreg. Formålet med registreringa er at norske styresmakter skal ha oversyn over kor mange EU/EØS-borgarar som bur i Noreg.

Registreringsbeviset er ikkje eit dokument som stadfestar at du har opphaldsrett i Noreg. Viss du treng å dokumentere at du har opphaldsrett, gjer du det ved å vise fram til dømes arbeidskontraktar, lønnsslippar, studiebevis eller liknande til dei som ber deg om å dokumentere opphaldsretten din.

  • Eit registreringsbevis er eit dokument som stadfestar at politiet har registrert deg.
  • Du skal berre registrere deg éin gong, same kor lenge du skal bu i Noreg. Du kan også for eksempel byte frå å vere student til å vere arbeidstakar utan å registrere deg på nytt.
  • Dersom du har mista registreringsbeviset ditt og treng ein kopi, må du kontakte det lokale politidistriktet ditt eller eit SUA-kontor (ekstern nettstad). Vêr oppmerksam på at registreringsbeviset ditt ikkje kan brukast for å stadfeste at du har opphaldsrett i Noreg. Viss du treng å dokumentere at du har opphaldsrett, gjer du det ved å vise fram til dømes arbeidskontraktar, lønnsslippar, studiebevis eller liknande til dei som ber deg om å dokumentere opphaldsretten din.
  • Når du søker om registrering som EU/EØS-borger, må du òg søke om eit norsk identitetsnummer (ekstern nettstad) og skattekort (ekstern nettstad) frå Skatteetaten.
  • Dersom du er i Noreg i meir enn tre månader utan å registrere deg, kan du få ei bot.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?