Korleis får du opphaldskort?
Krav til biletet på opphaldskortet
Politiet vil ta biletet av deg til kortet. Sjå informasjonen vår om krav til biletet.
Har du ikkje fått opphaldskortet ditt i posten?
Dersom du ikkje har fått opphaldskortet ditt i posten eller viss du har spørsmål om opphaldskort, ta kontakt med det lokale politidistriktet kor du leverte søknaden din (ekstern nettstad).
Kva kan du bruke opphaldskortet til?
- Opphaldskortet er beviset ditt på at du har opphaldsløyve i Noreg.
- Du må vise fram kortet ved kontroll. Dersom du ikkje har det med deg, kan du bli beden om å hente det.
- Med mindre noko anna står på kortet, viser det også at du har rett til å reise fritt i Schengenområdet i inntil 90 dagar i løpet av ein periode på 180 dagar. Du bør derfor ha med deg kortet når du reiser i utlandet. Du må alltid ha med deg passet ditt i tillegg.

Kortet inneheld mellom anna eit foto av deg, signaturen din og fingeravtrykk. Fingeravtrykka blir ikkje lagra nokon annan stad enn på sjølve kortet.