Dersom du er fødd 1. september 2006 eller seinare og har norsk mor eller far, blei du automatisk norsk statsborgar då du blei fødd. Dette gjeld uansett om du blei fødd i Noreg eller i utlandet, og uansett om foreldra dine var gifte eller ikkje.
Dersom du er fødd før 1. september 2006, blei du norsk ved fødselen dersom
Dersom far din var norsk, men ikkje gift med mor di, blei du ikkje automatisk norsk. Dersom du er under 18 år, kan du likevel enkelt bli det ved å sende ei melding om norsk statsborgarskap.
Dersom du blei fødd før 1979 og er usikker på om du blei norsk då du blei fødd, kan du kontakte UDI for å få meir informasjon.
Dersom du ikkje fyller krava til å bli norsk statsborgar, kan du søkje om opphaldsløyve for dei som hadde ein norsk forelder då dei blei fødde.
Dersom foreldra dine var statsborgarar av Sverige, Danmark, Finland eller Island og blei norske statsborgarar ved å levere melding før du fylte 18 år, blei du automatisk norsk dersom du:
Barn under 18 år blir norsk automatisk samtidig med deg viss barnet ditt er busett i Noreg og ikkje er gift eller registrert partnar (sjå statsborgarlova § 22).
Før du kan søka om norsk pass til barna dine må dei bli registrerte som norske i Folkeregisteret. Du må sjølv ta kontakt med Skattekontoret for å gjera dette.
Dersom du blei adoptert av ein norsk statsborgar 1. september 2006 eller seinare, blei du automatisk norsk dersom du
Dersom du blei adoptert av ein norsk borgar før 1. september 2006, kan du ha blitt norsk statsborgar då du blei adoptert eller ha blitt det seinare ved å levere melding eller søknad.
Dersom du ikkje har blitt norsk statsborgar og framleis er under 18 år, kan du bli norsk no ved å levere ei melding. Ta kontakt med UDI for å få vite kva du skal gjere for å bli norsk.
Surrogati vil seie at ei kvinne (surrogatmora) inngår ein avtale om å føde eit barn og overlate barnet til andre når det blir født. Surrogati er ikkje lovleg i Noreg, men nokre vel likevel å inngå surrogatiavtalar med kvinner i andre land.
Det finst ingen eigne reglar for fastsetjing/overføring av kven som er far og mor til barnet etter bruk av eggdonasjon/surrogati. Dette vil seie at den som føder barnet, er mor til barnet, og at farskapet blir fastsett på same måten som for andre barn, etter reglane i barnelova.
Sjølv om egget eller sæden skulle vere donert av ein norsk statsborgar som ønskjer å overta barnet, blir ikkje barnet norsk før foreldreskapet er overført. Når foreldreskapet er overført, blir barnet automatisk norsk.
Kontakt Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (bufdir.no) dersom du har spørsmål om surrogati, foreldreskap og adopsjon.