Søknaden kan vere om opphaldsløyve for arbeid, studium, au pair eller familieinnvandring.
Du må fylle tre krav for å kunne levere søknaden til politiet i Noreg, i staden for på ein ambassade:
- du kan dokumentere at du har kompetanse som faglærd
- du har lovleg opphald i Noreg. Dette vil seie at du anten
- har opphaldsløyve i Noreg, eller
- allereie har eit gyldig visum til Noreg eller eit anna Schengenland, eller
- ikkje treng visum for å besøkje Noreg og har vore i Schengenområdet i mindre enn 90 dagar når du møter opp for å levere søknaden til politiet, eller
- har opphaldsløyve i eit anna Schengenland og ha vore i Noreg i mindre enn 90 dagar når du møter opp for å levere søknaden til politiet
- du venter ikkje på svar på asylsøknaden din og du har ikkje fått avslag på asylsøknaden