Vi har to typar identitetsnummer i Noreg: fødselsnummer og d-nummer. Ei rekke offentlege og private verksemder krev at du har eit norsk identitetsnummer for å få tilgang til tenestene deira. Med eit identitetsnummer kan du til dømes opne ein bankkonto, få fastlege (ekstern nettstad), leige bustad, betale skatt og stemme ved val.
Fødselsnummer består av elleve tal, der dei seks første siffera vanlegvis viser fødselsdato og dei fem siste siffera kallast "personnummer". Det er ikkje sikkert at fødselsnummeret du får viser fødselsdatoen din i dei seks første siffera. UDI endrar ikkje fødselsdatoen din sjølv om han ikkje er den same som siffera i fødselsnummeret ditt.
Sjå informasjon om å flytte til Noreg hos Skatteetaten (ekstern nettstad).
Det er fleire grunnar til at du kan bli registrert som utflytta i Folkeregisteret. Viss du er registrert som utflytta fordi løyvet ditt er gått ut, og du har ein ny søknad til behandling nå, kan du be UDI om å melde frå til Skatteetaten slik at den registrerte utflyttinga blir korrigert (ekstern nettstad). Dette skjer berre viss UDI meiner du hadde lovleg opphald då du vart meld ut av Folkeregisteret.
Viss det er andre grunnar til at du er meld ut av folkeregisteret, må du kontakte Skatteetaten (ekstern nettstad).