Sjekk at denne informasjonen er riktig.
NB! Det kan hende at du har fått visum for færre dagar eller færre innreiser enn det du søkte om. Dersom du meiner at dette kjem av ein feil eller ei misforståing, må du ta kontakt med ambassaden. Dersom du er ueinig i avgjerda, kan du klage til ambassaden.
Merknader (8) blir gitt opp som kodar og betyr følgjande:
NO 1: Visumet er utskrive i samsvar med Approved Destination Status for Kina (avtale mellom kinesiske styresmakter og andre land som tillèt organiserte gruppereiser).
NO 2: Unntatt frå kravet til reiseforsikring.
NO 3: Brukt i kombinasjon med R/DK (representasjon Danmark), når visumet òg er gyldig for Færøyane.
NO 4: Brukt i kombinasjon med R/DK (representasjon Danmark), når visumet òg er gyldig for Grønland.
NO 5 Brukte i kombinasjon med R/DK (representasjon Danmark), når visumet òg er gyldig for Færøyane og Grønland.
NO 6: Søkaren har fått innvilga visum sjølv om reisedokumentet ikkje er gyldig minst tre månader etter siste gyldighetsdag i visumet, i samsvar med utlendingsforskriften § 3-9 anna ledd.
Dersom du har fått eit besøksvisum som berre er gyldig i Noreg, vil det stå i visumet ditt. Dette kallar vi eit nasjonalt visum. Grunnen til at du har fått eit nasjonalt visum, er at du har ein viktig grunn til å besøkje Noreg, men ikkje fyller alle krava til å få eit visum som gjeld i heile Schengenområdet.
Dersom du har fått eit nasjonalt visum, må du merke deg dette:
Det er viktig at du ikkje er i Noreg eller andre Schengenland fleire dagar enn det som står i visumet ditt. Dersom du blir i Schengenområdet for lenge,