Kva skjer med søknaden min mens eg ventar?


  1. Etter at du har levert søknadsdokumenta til politiet eller ambassaden, blir saka send over til UDI. Når søknaden din kjem fram til UDI vil du få beskjed på e-post eller SMS.
  2. I UDI vil saka liggje i kø. Så snart turen har komme til saka di, vil UDI vurdere søknaden og gjere eit vedtak.
  3. Når UDI eller ambassaden har gjort vedtaket, vil du få beskjed anten frå ambassaden viss du er i heimlandet ditt eller frå politiet viss du er i Noreg. Viss du har gitt noka fullmakt i saka di, vil alltid denne personen få svaret tilsendt, og må gi deg beskjed.