Nødetatane og mottaket


Nødetatane skal følgje opp bebuarane på eit asylmottak på same måte som dei følgjer opp andre innbyggjarar. Dei fleste asylmottak er ikkje døgnbemanna.

Ofte har mottaket ei vaktordning på natta. Den er som regel løyst ved at ein av bebuarane, gjerne ein bebuar som er flink i norsk, hjelper andre bebuarar med å løyse vanskelege situasjonar. Ofte er det ein bebuar som har vakt som kontaktar nødetatane viss ein situasjon oppstår, men alle bebuarane på mottaket kan kontakte nødetatane ved behov.