Under to tusen bebuarar i mottak
Ved utgangen av sist veke tippa talet på bebuarar under to tusen, og det bur nå 1 953 personar i UDI sine asylmottak.
Det er ein nedgang frå 2 510 bebuarar ved starten av året. UDI har nå 23 asylmottak, inkludert transittmottak og Nasjonalt mottakssenter.
– Dei siste åra har det komme langt færre asylsøkjarar per år enn det som var normalt før 2015. Dette har blitt forsterka i år på grunn av koronapandemien og reiserestriksjonar, samtidig som bebuarar jamleg blir busette i kommunane eller må returnere, seier avdelingsdirektør Borghild Fløtre i UDI.
Ho seier at smittevernomsyn blir prioritert i alt UDI gjer. – Vi har etablert tett dialog med lokale smittevernstyresmakter for å førebyggje smitte både i kvart enkelt mottak og ved flytting. Vi gjer løpande vurderingar for å setje inn tiltak. God informasjon til bebuarar og mottak er høgt prioritert, i tillegg har vi auka kapasitet i mottaka for å betre den sosiale distansen mellom bebuarane, seier Fløtre.
Nytt mottakssystem
UDI har i år innført eit nytt mottakssystem med både mottak som har langvarige driftskontraktar, såkalla basismottak, og vil etablere mottak med meir kortvarige kontraktar som skal handtere det varierande behovet for mottakskapasitet.
– Vi har allereie oppretta ni slike basismottak, og over nyttår skal vi lyse ut rammeavtalar for dei kortvarige kontraktane, seier Fløtre.
Det nye mottakssystemet gir det meir føreseieleg både for driftsoperatørane, tilsette, bebuarar, vertskommunane og UDI. Samtidig vil dette gi oss større fleksibilitet til å handtere situasjonar viss det på kort tid kjem mange asylsøkjarar.
Nye basismottak
- Bankplassen AS, Hadsel kommune i Nordland
- Stiftelsen Sana, Tingvoll kommune i Møre og Romsdal
- Kinn utdannings- og ressurssenter (kommunalt foretak), Kinn kommune i Vestland
- Stiftelsen Sana, Nord-Fron kommune i Innlandet
- Nome kommune, Nome kommune i Vestfold og Telemark
- Hero Norge AS, Trondheim kommune, Trøndelag (åpner 1. desember)
- Hero Norge AS, Ringsaker kommune, Innlandet (åpner 15. desember)
- Setermoen mottak AS, Bardu kommune, Troms og Finnmark (åpner 1. januar 2021)
- Kristiansand kommune, Kristiansand kommune, Agder (åpner 1. januar 2021)
Alle ni mottaka har 150 plassar kvar. Dei fire nedste mottaka i lista har i tillegg 20 plassar i ei tilrettelagd avdeling.
Mottaket i Kristiansand fungerer også som eit integreringsmottak, saman med mottaket i Steinkjer.
Nasjonalt ankomstsenter
Nasjonalt ankomstsenter opna 2. november. Her skal nykomne asylsøkjarar bu i tre veker, mens UDI og politiet behandlar søknadene deira. Sidan all saksbehandling, helsesjekk og intervju går føre seg under eitt tak, er målet at sju av ti asylsøkjarar skal få saka si avgjort medan dei bur i mottakssenteret.
– Dette er eit mål vi må strekkje oss etter for å klare. Formålet er at det skal ta kortare tid før ein asylsøkjar får opphald og skal busetjast eller får avslag og skal returnere til heimlandet, seier Fløtre. – Vi vil vere i ein innkøyringsperiode nå framover og det er heller ikkje tvil om at pandemien gir utfordringar.
Senteret har også ein beredskapsfunksjon og kan skalerast opp i ein masseinnkomstsituasjon. Dei ti første dagane bur alle nykomne asylsøkjarar i karantene i senteret.