UDI lyser ut langvarige mottakskontraktar
Før sommaren gjennomførte UDI konkurransar i fem regionar om rammeavtalar for såkalla basismottak. Dette er rammeavtalar som opnar for drift av mottak med langvarige kontraktar med ei oppseiingstid på minst eitt år. Fem tilbydarar i kvar av UDI sine fem regionar fekk tilslag på desse rammeavtalane.
Desse kan vere med når UDI i november lyser ut ein minikonkurranse om éin kontrakt i kvar region. Hovudkriteriet vil vere pris, men kvalitet vil også bli vektlagt i tildelinga. Kontraktane er for basismottak med 150 plassar, og har ei lengd på inntil ti år med ei oppseingstid på eitt år.
Tildelinga skjer i januar/februar med forventa oppstart av mottaka til våren. UDI vil lyse ut fleire minikonkurransar etter denne tildelinga.
Formålet med omlegginga
Med desse minikonkurransane begynner UDI nå omlegginga til ein ny mottaksstruktur med basismottak og mottak med variabel kapasitet. Sistnemnde er mottak med kortare kontraktar og oppseiingstid. UDI skal i løpet av vinteren også kunngjere ein konkurranse for inngåing av rammeavtalar for variabel kapasitet.
– Hensikta med basismottak er å gjere mottaksdrifta meir føreseieleg for leverandørar, bebuarar, vertskommunar og UDI, ved at basismottaka har lange kontraktar med lang oppseiingstid, seier avdelingsdirektør Borghild Fløtre.
UDI vil også oppnå økonomiske innsparingar og betre rammer for å utvikle tenestene som blir leverte til bebuarar i mottak. Eit anna formål er å etablere ein mottaksstruktur som er meir fleksibel både til å handtere raskt skiftande behov for talet på plassar og kvar det er enklare å tilpasse tenestene til behovet til bebuarane.
Den nye strukturen bidreg til at UDI får ein betre beredskap viss det skulle komme fleire asylsøkjarar enn det prognosane tilseier.
Omsyn til barnefamiliar
– Overgangen til ny mottaksstruktur blir krevjande for alle som er råke, fordi nåverande avtalar skal bli avslutta, enten ved naturleg utløp eller ved bruk av oppseiing. Vi må seie opp kontraktar med nåverande mottak samtidig som vi tildeler nye. I tillegg må UDI byggje ned totalkapasiteten neste år sidan prognosane tilseier at det kjem færre asylsøkjarar, seier Fløtre.
Det er først når tildelinga av nye kontraktar er gjennomført, at det blir klart kvar basismottaka blir etablert. Det kan vere i lokala til eit av dei nåværenda mottaka eller ein ny stad.
– Det vil dessverre medføre at bebuarane må flytte, kanskje også meir enn éin gong. Men UDI og driftsoperatørane har lang erfaring med nedlegging og etablering av mottak, og vi vil så langt det lèt seg gjere, ta særleg omsyn til barnefamiliane, seier Fløtre.
UDI planlegg å oppretthalde dei nåværande tre integreringsmottaka i 2020.
UDI har no historisk få mottaksplassar å fordele mellom driftsoperatørane, og prognosen for 2020 tilseier at belegget i mottak vil søkke ytterlegare utover året. Per januar 2020 har UDI berre 15 ordinære mottak.