Intervju flyktningar i Libya via Teams


UDI skal i mai og juni intervjua 53 flyktningar i Libya via Teams. Dei som får innreiseløyve, vil dermed kunna reisa direkte til Noreg når koronasituasjonen tillèt det.

Publisert: 08.06.2020

Alle desse flyktningane inngår i ulike familiegrupper med eller utan barn. I februar «fjernintervjuet» UDI ei anna gruppe flyktningar, som var evakuerte frå Libya til Romania. Her vart 37 personar også klarert for innreise til Noreg.

- Dette er ikkje ei fullgod erstatning for å intervjua flyktningane fysisk der dei oppheld seg, men ei akseptabel erstatning i enkelte situasjonar. Me er då avhengig av bistand frå mellom anna UNHCR der flyktningane oppheld seg, seier UDI-direktør Frode Forfang.

Av årets kvote på 3 000 flyktningar, har UDI så langt i år intervjua og gitt løyve til 850 personar. I tillegg er det 550 flyktningar som fekk løyve i fjor haust, som heller ikkje har hatt høve til å komma til Noreg enno.

På grunn av utfordringane rundt koronasituasjonen vil det ikkje vera mogleg å oppfylla årets kvote. Med atterhald om situasjonen resten av året ser det no ut til at UDI berre klarer å ta ut om lag 2 000 av årets kvote på 3 000

Fant du det du lette etter?