Kven kom som einslege mindreårige asylsøkjarar?
Einslege mindreårige asylsøkjarar er personar under 18 år som ikkje har følgje av foreldre eller andre med foreldreansvar når dei søkjer asyl.
Personane som opplyste at dei var einslege mindreårige asylsøkjarar, kom frå 35 forskjellige land. Over 85 prosent var gutar. Gruppa utgjorde 10 prosent av asylsøkjarane i 2014, ein auke frå 9 prosent i 2013.
Den største gruppa kom frå Eritrea og utgjorde omlag ein tredel av alle søkjarane. Gruppa nær dobla seg jamført med 2013, sjølv om det var ein nedgang i det samla talet på asylsøkjarar frå Eritrea. Det kom nokre fleire einslege mindreårige søkjarar frå Afghanistan samanlikna med 2013, og gruppa utgjorde over 50 prosent av alle søkjarane frå dette landet. Frå Somalia kom litt over halvparten så mange einslege mindreårige søkjarar som i 2013, medan det frå Syria kom tre gonger så mange som året før.
Figur: Einslege mindreårige asylsøkjarar, sju største land 2014
Vedtak
93 prosent av dei einslege mindreårige asylsøkjarane som fekk søknaden realitetsbehandla av UDI i 2014, fekk bli i Noreg. Av desse fekk over 90 prosent status som flyktning.
21 einslege mindreårige asylsøkjarar fekk avgrensa opphaldsløyve. Slike avgrensa opphaldsløyve er gyldige fram til søkjaren fyller 18 år.
Sjå alle tala
Asylsøknader einslege mindreårige asylsøkjarar etter statsborgerskap og måned
Asylvedtak etter statsborgerskap og utfall for einslege mindreårige asylsøkjarar