I 2014 registrerte 4 700 EØS-borgarar seg for å studere i Noreg. 3 700 personar frå land utanfor EØS-området fekk innvilga eit studieløyve.
Frå EØS-området var det flest studentar frå Tyskland, Frankrike og Spania, medan det frå land utanfor EØS-området kom flest frå Kina, USA og Russland. Talet på studentar frå Brasil dobla seg i 2014, og det kom nær like mange frå Brasil som frå Russland. Noreg prioriterer samarbeidet med Brasil høgt. Kunnskapssamarbeid er ein del av dette samarbeidet og det forklarar auken i talet på studentar frå Brasil.