Presse Innsyn i enkeltsaker


UDI kommenterer gjerne enkeltsaker viss ein søkjar vel å gi ein journalist innsyn i saka si.

Sakene vi behandlar, inneheld personinformasjon som er underlagd teieplikt. Den som har ei sak til behandling hos oss kan likevel gi ein journalist same innsyn i dokumenta som vedkommande sjølv har.

For å gi ein journalist innsyn, må personen som har ei sak i UDI, fylle ut eit samtykkeskjema (sjå lenkjer til skjema under).

Vedkommande gir då samtykke til at personlege opplysningar kan bli publisert for offentlegheita. Det er plikta til journalisten å forsikre seg om at den som har signert forstår kva samtykket inneber.

Eit samtykke er gyldig i inntil éin månad og kan trekkjast tilbake når som helst.

Det er berre når vi har fått riktig utfylt skjema og kopi av ID-kortet til søkjaren, at UDI er friteke frå teieplikta og kan gi ut informasjon og kommentere den aktuelle saka.

ID-kortet må ha bilde og underskrift.

Send samtykkeskjemaet til samtykke-presse@udi.no, saman med kopi av ID-kortet.

Viss personen er mindreårig, må også føresette eller representant skrive under på samtykket og leggje ved kopi av ID-kortet sitt.

Generelt samtykkeskjema

Samtykkeskjema for fritak av taushetsplikten (bokmål, pdf, 626 kB)

Erklæring om samtykke for fritak av teieplikt (nynorsk, pdf, 626 kB)

Samtykkeskjema for fritak av taushetsplikten (engelsk, pdf, 649 kB)

Samtykkeskjema for einslege mindreårige asylsøkjarar

Samtykkeskjema for fritak av taushetsplikten i sakene til enslige mindreårige (bokmål, pdf, 630 kB)

Samtykkeerklæring for fritak av teieplikten i sakene til einslege mindreårige (nynorsk, pdf, 630 kB)

Samtykkeskjema for fritak av taushetsplikten i sakene til enslige mindreårige (engelsk, pdf, 628 kB)

Fant du det du lette etter?