Utanlandsadopsjon
Ein utanlandsadopsjon er gyldig i Noreg i desse tilfella:
- Adopsjonen er rettskraftig/endeleg og gitt av den rette adopsjonsstyresmakta i landet barnet er adoptert frå.
- Bufetat eller Bufdir har gitt førehandssamtykkje til adopsjonen dersom han er gjord utanom ei godkjend adopsjonsforeining.
- Den/dei som adopterte barnet var busett i landet barnet blei adoptert frå då adopsjonen skjedde. Var barnet busett i Noreg, må Bufetat ha samtykt i adopsjonen.
- Bufdir har anerkjent adopsjonen i ettertid.