Retting og sletting av sponsor- og invitasjonsskjema


Sponsorskjema som har blitt sendt inn til utlendingsmyndigheitene er ikke mogleg å endre eller slette. Etter at søkjar har fullført søknaden blir det digitale sponsorskjema kopla til søknadsskjemaet og sendt inn til saksbehandlingssystemet vårt. Der blir det lagra som eit saksdokument på søkjars sak. Du finn ytterlegare informasjon om kor lenge vi oppbevarer opplysningane dine i UDI si personvernerklæring.

Dersom søkjar eller sponsor oppdagar at det står feil informasjon i sponsorskjemaet, kan de nytte papirløysinga og ettersende dokumentet.

Sponsor har ikkje høve til å trekke tilbake den økonomiske garantien for reisa etter at skjema er sendt inn til UDI. Sponsor kan derimot trekke tilbake invitasjonen. Dersom sponsor trekker invitasjon, vil søkjar stå utan formål med mindre eit nytt formål kan dokumenterast.

Eit sponsor- og invitasjonsskjema er gyldig for ei innreise. Ein søkjar som har fått innvilga fleirreisevisum må legge fram nytt sponsorskjema ved kvar innreise.

Sponsor- og invitasjonsskjema er gyldig i 6 månader. Unytta sponsorskjema blir derfor automatisk sletta etter 6 månader.