Når sponsor er ei bedrift/ein organisasjon


For å kunne vere økonomisk sponsor for ei verksemd, må du fylle ut eit sponsorskjema som representant for bedrifta/organisasjonen. Viss verksemda skal vere sponsor for meir enn ein person, må du sende eit eige sponsorskjemaom kvar person som skal besøkje dykk.

Krav til verksemda

  • Bedrifta eller organisasjonen må vere registrert i Noreg.
  • Bedrifta eller organisasjonen må vere i drift.

Slik sponsar du ein visumsøkjar

  1. Verksemda må oppgi ein representant i Altinn. Du finn fremgangsmåte under Slik får sponsortilgang på vegne av en bedrift/organisasjon
  2. Representanten i verksemda må fylle ut eit elektronisk sponsorskjema.
Gå til sponsorskjema

Alternativt kan representanten i verksemda nytte papirløysinga. Vel om du vil ha sponsorskjema på bokmål (pdf, 988 kB) eller sponsorskjema på nynorsk (pdf, 233 kB). Da må dykk påberekne litt lengre saksbehandlingstid. 

  1. Verksemda må stemple sponsorskjemaet med det offisielle stempelet til bedrifta og sende det ferdig utfylte skjemaet til den som skal besøkje dykk. Representanten må signere skjemaet for hand. Skjemaet kan sendast til den som kjem på besøk via epost eller post.
  2. Den som skal søkje visum for å komme på besøk må levere sponsorskjemaet saman med dei andre søknadsdokumenta sine på utanriksstasjonen eller søknadssenteret.
  3. Dersom søkjaren får ja på søknaden om visum må vedkommande ta med seg sponsorskjemaet ved innreise til Noreg.

Merk! Sponsorskjemaet kan berre brukast for éin innreise til Schengenområdet. Viss søkjaren får eit visum som er gyldig for fleire innreiser, må verksemda fylle ut eit nytt sponsorskjema for kvart besøk.