Kven kan ikkje nytte elektronisk sponsorskjema?


Visumfrie borgarar må framleis nytte papirløysinga.

Visumsøknader som skal leverast inn hos Sysselmeisteren på Svalbard eller til eit anna Schengen-medlemsland der Noreg blir representert, må framleis nytte papirløysinga.

Dersom du har fått innvilga eit fleirreisevisum kan du berre nytte elektronisk sponsorskjema ved første innreise. Ved seinare innreiser må du ta med deg eit papirskjema.

Dette gjeld også søkjarar som allereie har levert inn søknad om visum. Elektronisk sponsorskjema er berre gyldig dersom det har blitt kopla saman med søknadskjema gjennom å oppgi koden på fire ord. Dette er fordi skjema blir automatisk sendt inn til utlendingsforvaltingas saksbehandlarsystem. Dersom det ettersendast via opplastingsløysinga eller via e-post og post, vil vi ikkje kunne verifisere eID (elektronisk signatur).