Sponsor for besøk
Du må kunne dokumentere at du har minst 500 kroner per dag under opphaldet i Noreg og Schengenområdet. Dersom du ikkje har nok pengar sjølv, må du ha ein økonomisk garanti frå den du skal besøkje. Den du skal besøkje må då fylle ut eit sponsorskjema.
UDI lanserte 13. januar 2025 eit digitalt sponsorskjema. Sponsor kan nå fylle ut eit elektronisk sponsorskjema eller nytte papirløysinga. Eit sponsorskjema er gyldig i 6 månader etter at det har blitt utfylt og signert.
-
Kven treng ikke ein sponsor?
Dersom du kan dokumentere at du har minst 500 kroner per dag under opphaldet i Noreg og Schengenområdet, treng du ikkje sponsorskjema. Dette kan dokumenterast ved å legge fram kontoutskrift.
Å vere økonomisk sponsor er ikke det same som å garantere at den som kjem på besøk reiser ut av Noreg når besøket er over. Det er ikke mogleg for deg som skal få besøk å stille den typen garanti. Det er utlendingsmyndigheitene som vurderer om det er sannsynleg at det som har søkt om visum vil reise tilbake når besøket er over, ut frå kor mykje dei har som knyter dei til heimlandet/opphaldslandet sitt.
Det vil ikkje vere nokon fordelar ved å legge fram eit sponsorskjema dersom du har tilstrekkeleg med pengar. Ved å legge fram overskotsdokumentasjon i søknaden vil du i staden auka behandlingstida di fordi vi må gå igjennom fleire dokument.
-
Kva er fordelane med å bruke elektronisk sponsorskjema?
Viss du har fylt ut eit elektronisk sponsorskjema og søkjaren legg ved sponsor-ID saman med visumsøknaden, og annan relevant dokumentasjon, vil det vanlegvis ikkje vere behov for å innhente ytterlegare informasjon frå sponsor/verten i Noreg. Dette vil som regel redusere behandlingstida.
Dersom søkjaren derimot ikkje sender inn ein sponsor-ID eller dokumenterer at dei har nok midlar til opphaldet saman med visumsøknaden, må søkjaren forvente lengre behandlingstid, ettersom informasjonen i sponsorskjema på papir da må verifiserast av utlendingsmyndigheitene.
-
Kven kan ikkje nytte elektronisk sponsorskjema?
Visumfrie borgarar må framleis nytte papirløysinga.
Visumsøknader som skal leverast inn hos Sysselmeisteren på Svalbard eller til eit anna Schengen-medlemsland der Noreg blir representert, må framleis nytte papirløysinga.
Dersom du har fått innvilga eit fleirreisevisum kan du berre nytte elektronisk sponsorskjema ved første innreise. Ved seinare innreiser må du ta med deg eit papirskjema.
-
Når sponsor er ein privatperson (familie og venner)
For å kunne vere økonomisk sponsor, må du fylle ut eit sponsorskjema. Viss du skal vere sponsor for meir enn ein person, må du sende eit eige sponsorskjema om kvar person som skal besøkje deg.
Krav til deg som skal vere sponsor
- Du må bo i Noreg.
- Du må ha fødselsnummer.
- Du må vere over 18 år
Slik sponsar du ein visumsøkjar
Du må fylle ut eit elektronisk sponsorskjema.
Gå til sponsorskjemaAlternativt kan du nytte papirløysinga. Vel om du vil ha sponsorskjema på bokmål (pdf, 988 kB) eller sponsorskjema på nynorsk (pdf, 233 kB). Da må du påberekne litt lengre saksbehandlingstid.
- Du må sende ferdig utfylt og signert skjema til den som skal besøkje deg. Skjemaet må vere signert for hand. Du kan sende skjemaet til den som skal besøkje deg via e-post eller post.
- Den som skal søkje visum for å kome på besøk må levere sponsorskjemaet saman med dei andre søknadsdokumenta sine på utanriksstasjonen eller søknadssenteret.
- Dersom søkjaren får ja på søknaden om visum må vedkommande ta med seg sponsorskjemaet ved innreise til Noreg.
Merk! Sponsorskjemaet kan berre brukast for éin innreise til Schengenområdet. Viss søkjaren får eit visum som er gyldig for fleire innreiser, må du fylle ut eit nytt sponsorskjema for kvart besøk.
-
Slik får du sponsortilgang på vegner av ei bedrift/ein organisasjon
For å kunne vere økonomisk sponsor på vegner av ei verksemd, må du enten vere personen som har retter til verksemda eller du må ha fått tildelt retten som representant i Altinn.
Slik går administrator fram for å tildele retten
- Logg inn på Altinn.
- Under Aktører, vel bedrifta du skal handle på vegner av.
- Vel Profil og Andre med rettigheter til virksomheten.
- Trykk på Legg til ny person eller virksomhet.
- Legg inn fødselsnummeret og etternamnet til personen som skal representere bedrifta.
- Trykk på Gi tilgang til enkelttjenester.
- Vel skjemaet UDI-visum (sponsor og invitasjon).
- Trykk på Gå videre og Fullfør delegering.
-
Når sponsor er ei bedrift/ein organisasjon
For å kunne vere økonomisk sponsor for ei verksemd, må du fylle ut eit sponsorskjema som representant for bedrifta/organisasjonen. Viss verksemda skal vere sponsor for meir enn ein person, må du sende eit eige sponsorskjemaom kvar person som skal besøkje dykk.
Krav til verksemda
- Bedrifta eller organisasjonen må vere registrert i Noreg.
- Bedrifta eller organisasjonen må vere i drift.
Slik sponsar du ein visumsøkjar
- Verksemda må oppgi ein representant i Altinn. Du finn fremgangsmåte under Slik får sponsortilgang på vegne av en bedrift/organisasjon.
- Representanten i verksemda må fylle ut eit elektronisk sponsorskjema.
Alternativt kan representanten i verksemda nytte papirløysinga. Vel om du vil ha sponsorskjema på bokmål (pdf, 988 kB) eller sponsorskjema på nynorsk (pdf, 233 kB). Da må dykk påberekne litt lengre saksbehandlingstid.
- Verksemda må stemple sponsorskjemaet med det offisielle stempelet til bedrifta og sende det ferdig utfylte skjemaet til den som skal besøkje dykk. Representanten må signere skjemaet for hand. Skjemaet kan sendast til den som kjem på besøk via epost eller post.
- Den som skal søkje visum for å komme på besøk må levere sponsorskjemaet saman med dei andre søknadsdokumenta sine på utanriksstasjonen eller søknadssenteret.
- Dersom søkjaren får ja på søknaden om visum må vedkommande ta med seg sponsorskjemaet ved innreise til Noreg.
Merk! Sponsorskjemaet kan berre brukast for éin innreise til Schengenområdet. Viss søkjaren får eit visum som er gyldig for fleire innreiser, må verksemda fylle ut eit nytt sponsorskjema for kvart besøk.
-
Slik sponsar du ein visumfri borgar
- Du må fylle ut eit sponsorskjema. Vel om du vil ha sponsorskjema på bokmål (pdf, 988 kB) eller sponsorskjema på nynorsk (pdf, 233 kB).
- Du må sende ferdig utfylt og signert skjema til den som skal besøkje deg. Skjemaet må vere signert for hand. Du kan sende skjemaet til den som skal besøkje deg via epost eller post.
- Den som skal besøkje deg må ta med seg sponsorskjemaet når dei reiser.
Merk! Dersom du stiller som sponsor på vegner av ei bedrift eller organisasjon, må verksemda oppgi ein kontaktperson i skjemaet. Verksemda må også stemple sponsorskjemaet med det offisielle stempelet til bedrifta.
-
Innsyn i opplysningane om deg sjølv
Når du har fylt ut og signert eit sponsor- og invitasjonsskjema og søkjar har levert dette inn, enten som eit papirskjema eller som eit digitalt skjema ved å fylle inn koden på fire ord, vil opplysningane dine ligge på saka til søkjar. Sponsor har ikke ei eiga sak hos utlendingsmyndigheitene, men er part i ei sak.
Dersom du seinare skulle ønske å få innsyn i opplysningane som utlendingsmyndigheitene har lagra om deg, må du ta kontakt med UDI si rettleiingsteneste. Før du tar kontakt må du har opplysningar om søkjar slik at vi kan slå opp vedkommande i systemet vårt.
Du finn ytterlegare informasjon om korleis utlendingsmyndigheitene behandlar personopplysningane dine i UDI si personvernerklæring.
-
Retting og sletting av sponsor- og invitasjonsskjema
Sponsorskjema som har blitt sendt inn til utlendingsmyndigheitene er ikke mogleg å endre eller slette. Etter at søkjar har fullført søknaden blir det digitale sponsorskjema kopla til søknadsskjemaet og sendt inn til saksbehandlingssystemet vårt. Der blir det lagra som eit saksdokument på søkjars sak. Du finn ytterlegare informasjon om kor lenge vi oppbevarer opplysningane dine i UDI si personvernerklæring.
Dersom søkjar eller sponsor oppdagar at det står feil informasjon i sponsorskjemaet, kan de nytte papirløysinga og ettersende dokumentet.
Sponsor har ikkje høve til å trekke tilbake den økonomiske garantien for reisa etter at skjema er sendt inn til UDI. Sponsor kan derimot trekke tilbake invitasjonen. Dersom sponsor trekker invitasjon, vil søkjar stå utan formål med mindre eit nytt formål kan dokumenterast.
Eit sponsor- og invitasjonsskjema er gyldig for ei innreise. Ein søkjar som har fått innvilga fleirreisevisum må legge fram nytt sponsorskjema ved kvar innreise.
Sponsor- og invitasjonsskjema er gyldig i 6 månader. Unytta sponsorskjema blir derfor automatisk sletta etter 6 månader.