Representanten (tidlegare kalla «verje») er ein vaksen person som skal tre inn for foreldra og vareta den einslege mindreårige asylsøkjaren og dei juridiske og økonomiske rettane deira i Noreg.
Kva gjer ein representant?
Ein representant har ikkje sjølv omsorgs- eller forsørgingsansvar for barnet. Det er det asylmottaket eller omsorgssenteret som har.
Representanten skal sikra
- at barnet blir høyrt
- at barnet får passande omsorg, bustad, utdanning, språkleg støtte og helsestell
- at alle vedtak som blir gjorde er til barnets beste, og eventuelt klaga på vedtaka på barnets vegner
Ein representant får godtgjering og dekning av utgifter som er nødvendige for å utføra oppdraget sitt.
Kven kan bli representant for einslege mindreårige asylsøkjarar?
Ein representant må vera vaksen og skikka til å vareta interessene til barnet på best mogleg måte. For å bli representant må ein derfor ha gode kunnskapar om det norske samfunnet og det norske språket, og ein må kunna orientera seg i det offentlege systemet.
Ektefellar og sambuarar til einslege mindreårige asylsøkjarar kan ikkje vera representantane deira.
Korleis blir ein representant?
Det er Statsforvaltaren i det fylket barnet bur som skal bestemmer kven som skal vera representant for barnet. Du kan søkja om å bli representant her (eksternt nettsted).
Statsforvaltaren gir nødvendig opplæring og passar på at representanten utfører oppdraget sitt på ein tilfredsstillande måte.
Viss barnet er i transittmottak er det Statsforvaltaren i Oslo og Akershus som utnemner representant, same kvar i landet barnet er.