Personar som kan arbeide i Noreg i 14 dagar utan opphaldsløyve
Dersom du ikkje fell inn under eit av unntaka under, må du søkje om opphaldsløyve for arbeid.
Kva er du?
-
Kunstnar, musikar eller artist
Artister, kunstnarar, musikarar og deira hjelpepersonell treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal ha konsertar/framsyningar i Noreg i til saman maksimalt 14 dagar i løpet av eit kalenderår. Du eller oppdragsgivaren din må gi skriftleg melding til politiet før du reiser inn til Norge. Du må sjekke om du treng besøksvisum.
-
Tilsett i organisasjon som driv internasjonalt humanitært arbeid
Nokon tilsette i ein organisasjon som driv internasjonalt humanitært arbeid, treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i til saman maksimalt 14 dagar i løpet av eit kalenderår.
Du må sjekke om du treng besøksvisum.
Krav
- Du må vere tilsett i ein organisasjon i Noreg eller i utlandet.
- Organisasjonen må drive internasjonalt humanitært arbeid.
- Du skal halde eller delta i møte, seminar eller kurs som fremmer internasjonalt humanitært arbeid. Du skal gjere dette i til saman maksimalt 14 dagar i løpet av eit kalenderår.