Personar som kan arbeide i Noreg i mindre enn tre månedar utan opphaldsløyve
Dersom du ikkje fell inn under eit av unntaka under, må du søkje om opphaldsløyve for arbeid.
Kva slags yrke har du?
-
Forskarar og forelesarar
Forskarar og forelesarar som skal arbeide i Noreg i inntil tre månader, treng ikkje opphaldsløyve.
Krav
- Du må vere forskar med minst fullført bachelorgrad eller forelesar.
-
Tilsette i internasjonale selskap
Nokre tilsette i internasjonale selskap treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Krav
- Du må vere tilsett i eit internasjonalt selskap som har ei avdeling i Noreg.
- Du må vere tilsett i den utanlandske delen av selskapet.
- Du skal delta i opplæring i den norske delen av selskapet.
-
Tekniske ekspertar
Nokre tekniske ekspertar treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Krav
- Du må vere teknisk ekspert.
- Du skal montere, demontere, kontrollere, reparere eller halde ved like maskiner eller teknisk utstyr. Du kan også informere om bruken av dette. Med teknisk utstyr meiner vi apparat, verktøy og IT-utstyr, for eksempel software.
- Du kan ikkje ha arbeidsgivar i Noreg.
- Oppdraget du skal utføre, kan ikkje ta meir enn tre månader. Det inneber at oppdragsgivaren ikkje kan hente inn ein ny teknisk ekspert utan opphaldsløyve dersom oppdraget likevel tek meir enn tre månader.
- Du eller oppdragsgivaren din må melde frå skriftleg til politiet før du reiser inn til Noreg.
-
Handels- og forretningsreisande
Nokre handels- og forretningsreisande treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Krav
- Du må vere handels- og forretningsreisande.
- Du kan ikkje ha arbeidsgivar i Noreg.
Eksempel på handels- og forretningsreisande
- personar som skal delta i møte og konferansar eller i kontraktssamtalar
- sjøfartsinspektørar eller veterinærinspektørar
- personar som skal selje varer på varemesser
-
Legar
Nokre legar treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Krav
- Du har arbeidsgivar eller oppdragsgivar i Noreg.
- Du har nødvendig autorisasjon eller lisens frå Helsedirektoratet (eksternt nettsted).
-
Religiøse forkynnarar
Nokre religiøse forkynnarar treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Krav
- Arbeids- eller oppdragsgivaren kan ikkje ha behov for ein forkynnar i denne rolla i meir enn tre månader.
-
Idrettsutøvarar med støtteapparat
Nokre profesjonelle idrettsutøvarar og støtteapparatet deira treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Krav
- Idrettsutøvaren må leve av å vere idrettsutøvar.
- Du kan ikkje ha arbeidsgivar i Noreg.
-
Journalistar og fotografar
Nokre journalistar, fotografar og andre tilsette i utanlandske medieinstitusjonar treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Krav
- Du kan ikkje ha arbeidsgivar i Noreg.
-
Personell på fly i internasjonal trafikk
I nokre tilfelle treng ikkje personell på fly i internasjonal trafikk å ha opphaldsløyve, dersom dei skal arbeide på flygingar til og frå Noreg.
Dette kan du gjere utan opphaldsløyve
- Arbeide på flygingar til og frå Noreg.
- Overnatte i Noreg i samband med flygingane og reise i kommunen der flyplassen ligg.
- Reise til ein annan norsk flyplass dersom du skal vere personell på ein flyging ut av Noreg derfrå.
Krav
- Du må ha luftfartssertifikat (flymannskaps- eller besetningsmedlemssertifikat)
- Du kan ikkje gjere anna arbeid i Noreg.
- Du kan ikkje bu i Noreg.
- Du kan ikkje opphalde deg i Noreg i til saman meir enn 90 dagar i løpet av seks månader.
-
Personell på utanlandsk tog, buss eller lastebil i internasjonal trafikk
I nokre tilfelle treng ikkje personell på utanlandsk tog, buss eller lastebil i internasjonal trafikk opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Krav
- Du kan ikkje ha arbeidsgivar i Noreg.
-
Mannskap på skip i opplag
Nødvendig vakt- og vedlikehaldsmannskap på utanlandsk eigd skip i opplag i Noreg treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Krav
- Du må melde frå til politiet.
- Du kan ikkje ha arbeidsgivar i Noreg.
-
Turistguidar
Turistguidar som følgjer utanlandske reiseselskap, treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Krav
- Du kan ikkje ha arbeidsgivar i Noreg.