Lønns- og arbeidsvilkår i Noreg
For å få eit opphaldsløyve for å arbeide i Noreg må lønns- og arbeidsvilkåra dine ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg.
Kor mykje må du få i lønn?
- Dersom du skal jobbe i ein bransje med tariffavtale, må du få tarifflønn.
- Dersom du skal jobbe i ein bransje utan tariffavtale, kan lønna di ikkje vere dårlegare enn det som er normalt for yrket ditt der du skal jobbe.
- Dersom stillinga krev mastergrad, skal du ha ei lønn på minst
480 900 kroner i året før skatt
. Vi kan godta lågare lønn dersom du dokumenterer at dette er normalt for yrket ditt der du skal jobbe. - Dersom stillinga krev bachelorgrad, skal du ha ei lønn på minst
448 900 kr i året før skatt
. Vi kan godta lågare lønn dersom du dokumenterer at dette er normalt for yrket ditt der du skal jobbe.
- Dersom stillinga krev mastergrad, skal du ha ei lønn på minst