Guide til ventetid i studiesaker


For å kunne gi deg eit svar på kor lenge du må vente for å få svar på søknaden din om studieløyve, ber vi deg svare på to spørsmål.

Informasjonen er tilpasset

Kva slags søknad har du levert?: fornying (av studieløyvet mitt)

Informasjon til deg som har søkt om fornying av studieløyvet ditt

Normalt med ulik ventetid

Ikkje alle søknader om fornying blir behandla innan same ventetid. Du kan oppleve at andre får svar tidligare, sjølv om dere har søkt samtidig. Det er fordi politiet og UDI deler ansvaret for å behandle søknadene, og har litt forskjellig ventetid.

Mange av søknadene om fornying av studieløyve blir behandla av politiet. Du kan finne informasjon om ventetida deira på nettsidene til politiet (eksternt nettsted). Viss politiet ikke kan behandle søknaden sjølv, sender dei den til UDI. Det kan for eksempel vere at du er forseinka i studiet ditt, at du har bytt studie, eller ikkje følger normal studieprogresjon. Viss UDI må gjere ekstra undersøkingar, kan det ta lengre tid før du får svar.

Viss politiet ikkje kan behandle søknaden sjølv, sender dei den til UDI.

Viss politiet sender søknaden din vidare til UDI, vil du få beskjed på e-post eller SMS. Dei fleste vil få svar på søknaden sin innan 8 månader etter at dei leverte søknaden hos politiet, uansett om den er behandla av politiet eller UDI.

Har tillatelsen din løpt ut mens du ventar på svar?

Viss du har søkt i tide, det vil si registrert ny søknad innan ein månad før utløpet av den gamle tillatelsen, har du rett til å vere i Noreg og arbeide på same måte som du har hatt med tillatelsen som er utløpt. Her kan du lese om korleis du kan dokumentere lovleg opphald mens du ventar på opphaldskort.

Du bør ikkje reise ut av Noreg før du har fått vedtak og nytt opphaldskort. Du vil trenge gyldig opphaldskort når du skal reise inn i Noreg igjen. Her kan du lese mer om kravet til gyldig opphaldskort ved utanlandsreiser

Saka di blir ikkje raskare behandla sjølv om du kontaktar oss. 

  • Viss det manglar informasjon eller dokument i søknaden din, vil vi kontakte deg. 
  • Viss søknaden din er komplett og ikkje krev ekstra undersøkingar, vil vi behandle saka di og du får tilsendt eit vedtak frå oss.  
  • Viss saka di krev ekstra undersøkingar, vil dette bli gjennomført. Det varierer kor lang tid det tek å gjennomføre ekstra undersøkingar. Du kan lese meir om kva ekstra undersøkingar kan innebere.

Denne informasjonen blei sist oppdatert 

27. juni 2024

.

Den vil bli oppdatert neste gong 

26. juli 2024

.

 

 

Fant du det du lette etter?