Viss du skal gifte deg med ein person som bur i Noreg, og de ønskjer å inngå ekteskapet i Noreg, kan du søkje om eit opphaldsløyve for dette. Det er likevel ikkje krav om at du har akkurat dette opphaldsløyvet for å gifte deg i Noreg. Du kan gifte deg i Noreg så lenge du har lovleg opphald.
Det er mogleg å få denne typen opphaldsløyve viss du skal komme til Noreg for å gifte deg, og han blir derfor gjerne kalla «forlovingsløyve». Du kan ikkje få denne typen opphaldsløyve for å finne ut av om de ønskjer å gifte dykk eller for at du skal bli betre kjent med kjærasten din.
Det er ein del krav både du og kjærasten din må fylle, og mange dokument de skal levere inn saman med søknaden. Før du leverer søknaden må du undersøkje at de oppfyller krava.
Kva må eg gjere viss eg har fått opphaldsløyve for å gifte meg (forlovingsvisum)?
Opphaldsløyvet varer i maksimalt seks månader. De må levere søknad om opphaldsløyve med ektefelle minst ein månad før opphaldsløyvet for å gifte seg går ut.
Dette betyr at de har mindre enn fem månader på dykk til å bli gift. På Skatteetatens nettsider får du oversikt over kva de må gjere for å bli gift (eksternt nettsted). Det er mykje de må gjere i løpet av desse fem månadene, derfor er det viktig at de startar dei formelle prosessane rundt ekteskapet så tidleg som mogleg.
Rettar og plikter
- Du kan ikkje få ein dette opphaldsløyvet forlengt eller fornya viss de til dømes utset bryllaupet.
- Du kan arbeide i Noreg.
- Du har ikkje rett på gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
- Du kan reise inn og ut av Noreg så lenge løyvet er gyldig.
- Viss du leverer inn den nye søknaden om opphaldsløyve med ektefelle meir enn éin månad før den gamle går ut, har du framleis rett til å arbeide medan du ventar på svar på det nye opphaldsløyvet.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med viss du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve eller norsk statsborgarskap.
- Mens du har denne typen opphaldsløyve kan ikkje familiemedlemmene dine (for eksempel barna dine) søkje om familieinnvandring med deg.