Fasiliteringsavtaler for søknader om besøksvisum
Noreg har ein avtale med Aserbajdsjan og Ukraina om at statsborgarar frå desse landa skal ha ein enklare prosess for å søkje om besøksvisum.
Dette gjeld uavhengig av kva land søkjaren bur i no.
Dei viktigaste fordelane for deg som er statsborgar av eit av desse landa, er:
- Du betaler eit redusert gebyr på 35 euro i staden for 80 euro. Visse kategoriar av søkjarar kan også få gebyret sitt refundert.
- Sakshandsamingstida er vanlegvis maksimalt 10 dagar i staden for 30 dagar.
- Det er enklare for deg å få besøksvisum for fleire innreiser.