Dublin-samarbeidet
Kva er Dublin-avtalen?
Dublin-avtalen avgjer kva land som har ansvaret for å behandle ein søknad om beskyttelse. Ein asylsøkjar kan berre få søknaden sin behandla i eitt av Dublin-landa.
Hovudregelen er at søknaden skal bli behandla av det første Dublin-landet asylsøkjaren kjem til. Dersom asylsøkjaren søkjer om beskyttelse i eit anna Dublin-land, skal han eller ho bli send tilbake til det landet som allereie har behandla søknaden, eller som skal ha ansvar for å behandle søknaden.
Kva for søkjarar blir behandla etter Dublin-avtalen?
Søknaden blir behandla som ei Dublin-sak dersom søkjaren som ønskjer beskyttelse i Noreg
- allereie har søkt beskyttelse i eit anna Dublin-land
- har fått visum eller opphaldsløyve i eit anna Dublin-land
- har nære familiemedlemmer i eit anna Dublin-land
- har reist ulovleg inn i, eller opphalde seg ulovleg i, eit anna Dublin-land
Korleis blir Dublin-saker behandla?
Dersom nokon søkjer om beskyttelse i Noreg og saka blir behandla som ei Dublin-sak, vil UDI ikkje vurdere om den som søkjer, treng beskyttelse. Vi vil berre vurdere om det er Noreg eller eit anna Dublin-land som har ansvar for søknaden.
Dersom det er eit anna Dublin-land som har ansvaret for asylsøkjaren, vil søkjaren bli send til dette landet.
Einslege mindreårige asylsøkjarar vil berre bli sende til eit anna Dublin-land dersom dei har familie der eller søknaden deira allereie er behandla der.
Dersom det er Noreg som har ansvaret for søkjaren, vil UDI behandle søknaden som ein vanleg søknad om beskyttelse.