Dobbelt statsborgarskap
Kven kan ha dobbelt statsborgarskap?
Frå og med 1. januar 2020 er det tillate å ha eitt eller fleire statsborgarskap i tillegg til det norske. Du kan ha eitt eller fleire statsborgarskap i tillegg til det norske.
Viss landet du er statsborgar av no ikkje tillèt at du har fleire statsborgarskap, kan du likevel miste dette statsborgarskapet når du blir norsk. Du må sjølv undersøkje kva reglar som gjeld i landet du er statsborgar av no. Du kan til dømes sjå etter informasjon på ei offisiell nettside som tilhøyrer styresmaktene i dette landet, eller spørje ein ambassade.
Du treng ikkje å gi beskjed til norske styresmakter om at du ønsker å behalde det tidlegare statsborgarskapet ditt.
Kva vil det seie å ha dobbelt statsborgarskap?
- Overfor den norske staten har du dei same rettane og pliktene som alle andre norske borgarar.
- Du har rett til å ha to pass, eitt frå kvart land.
- Du har i utgangspunktet krav på konsulær bistand og hjelp frå styresmaktene i begge landa. Det kan likevel vere vanskeleg for norske styresmakter å hjelpe deg dersom du oppheld deg i det landet der du har det andre statsborgarskapet ditt. Du finn meir informasjon om konsulær bistand for norsk borgarar på nettsidene til regjeringa (ekstern nettstad).
- Som norsk borgar har du i utgangspunktet verneplikt (militærteneste) i Noreg, men reglane varierer etter kva for anna land du har statsborgarskap i. Dersom du har spørsmål om verneplikt/militærteneste, kan du kontakte Forsvaret (eksternt nettsted).