Automatisk behandling av søknader om norsk statsborgarskap


Etter at du har levert dokumenta dine til politiet, sender politiet søknaden din til UDI. Når vi mottar søknaden din, vil den blir lagt inn i vårt datasystem. Alle søknader blir fullstendig eller delvis automatisk behandla av datasystemet. Enkelte søknader kan bli fullstendig automatisk behandla basert på informasjonen vi har om deg i datasystemet.

Viss heile søknaden din blir automatisk behandla, vil du vanlegvis få svar innan 3 månader etter at du leverte dokumenta hos politiet. Viss søknaden berre kan behandlast delvis, vil den legges til køen for å behandlast av ein saksbehandlar. Viss du ikkje oppfyller vilkåra for norsk statsborgarskap og søknaden skal avslåast, vil det alltid vere ein saksbehandlar som behandlar søknaden din.

Dei fleste søknader blir framleis behandla av ein saksbehandlar. Viss søknaden din må behandlast av ein saksbehandlar betyr det ikkje at det er noko gale med søknaden, men at datasystemet ikkje har klart å behandle heile søknaden automatisk. Når ein søknad må behandlast av ein saksbehandlar vil det føre til at du må vente lenger før du får svar.

Datasystemet vårt bruker informasjonen vi har om deg, og vurderer om norsk statsborgarskap kan innvilgast utan at ein saksbehandlar ser på søknaden. Det er ikkje all informasjon datasystemet klarer å vurdere, og derfor må mange søknader framleis behandlast av ein saksbehandlar.

Vi jobbar heile tida med å forbetre den automatiske saksbehandlinga. Dette betyr at sjølv om vi ikkje kunne behandle heile søknaden din til å byrje med, kan det hende at heile søknaden kan behandlast automatisk seinare.

Svar på vanlige spørsmål

  • Kan eg finne ut om søknaden min blir behandla automatisk?

Fant du det du lette etter?