Asylmottak (ulike typar)


I denne oversikta får du forklaring på dei ulike typane asylmottak for dei som søkjer beskyttelse (asyl) og dei som har fått svar på søknadene sine.

Nasjonalt ankomstsenter

Nasjonalt ankomstsenter er den primære staden for søknader om beskyttelse for flyktningar i Noreg. Ein bur her til ein er ferdig med alle aktivitetar som skal gjennomførast i samband med søknad om beskyttelse i Noreg.

Prosessen på Nasjonalt ankomstsenter: 

  • registrering hos politiet
  • registrering i UDI sitt asylmottakssystem
  • obligatorisk tuberkuloseundersøking og helseundersøking
  • informasjon frå Caritas om kva som skjer vidare i asylprosessen
  • ein del søkjare får gjennomføre asylintervjuet og får svar på søknaden mens dei bur på ankomstsenteret

Botiden på Nasjonalt ankomstsenter er opp mot 21 dagar.

Transittmottak

Mottak der asylsøkjarar bur mellombels, før de reiser vidare til ordinært mottak, privat buforhold eller ut av landet.

Transittmottak for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år

Eigne transittmottak for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år. 

Ordinære mottak 

Asylsøkjarar vert flytta til ordinære mottak etter asylintervjuet hos UDI. Asylsøkjarar bur i ordinære mottak medan søknaden deira vert handsama. 

Ordinære mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år

Einslige mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år får tilbod om å bu i eigne mottak eller avdelingar som er tilpassa deira behov.

Einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år

Einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år vert sendt til eigne omsorgssenter som Barne-, ungdoms og familieetaten (Bufetat) (eksternt nettsted) har ansvaret for. 

Integreringsmottak 

Butilbod der bebuarane må forplikte seg til å følgje kommunen sitt kvalifiseringsprogram på heiltid. Integreringsmottak rettar seg mot vaksne og familier som har opphaldsløyve, eller som svært truleg kjem til å få opphaldsløyve. 

Tilrettelagde avdelingar

Tilrettelagde avdelingar er et tilbod som er tilpassa asylsøkjarar med fysiske og/eller psykiske hjelpebehov eller som treng hjelp til å meistra kvardagen. 

Tilrettelagde avdelingar har døgnbemanning og strengare kompetansekrav til tilsette samanlikna med ordinære mottak.

Særskild bu- og omsorgsløysing

Dette er et døgnbemanna butilbod for vaksne asylsøkjarar med åtferdsutfordringar som UDI vurderer til å kunna utgjera ein trussel for omgivnadene, og som dermed ikkje kan bu i det ordinære mottakssystemet.

Tilbodet er ikkje ein institusjon og det inkluderer ikkje helsebehandling. Helsebehandling blir levert av kommunale- og spesialisthelsetenester.

Særskild pleie- og omsorgsløysing

Særskild pleie- og omsorgsløysing er eit tiltak for bebuarar som på grunn av omfattande pleie- og omsorgsbehov ikkje kan varetakast i dei andre mottakstypane. Målgruppa vil i all hovudsak vere vaksne.

Tiltaket skal gi bebuarane nødvendige omsorgstenester og hjelpe bebuarane med å få tilgang til nødvendig helsehjelp.

Det er spesialist- og kommunehelsetenesten som har ansvar for helsa til alle bebuarar i mottaka våre.

Akuttinnkvartering

Akuttinnkvartering er eit mellombels butilbod til asylsøkjarar i periodar med store og/eller raske innkomstar, og der det ikkje er mogleg å få på plass ordinære mottakskapasitet raskt nok eller i tilstrekkeleg volum. Tilbodet er nøkternt og skal sikra det grunnleggjande behovet til bebuarane og behova deira for tryggleik.

Venteinnkvartering

I periodar med store og/eller raske innkomstar har politiet eit mellombels butilbod for personar som ventar på å registrera ein søknad om beskyttelse (asyl).

Fant du det du lette etter?