Familieinnvandring Apostille og legalisering


Når du søkjer om familieinnvandring, må dokumenta du skal levere inn vere attestert av rett styresmakt.
help

Vel landet dokumentet ditt kjem frå for å sjekke korleis du må attestere dokumentet ditt.

Det er to måtar du kan få attestert dokumenta dine på:

  • Du får apostillestempel frå styresmakter i landet der dokumenta er utferda.
  • Du får dokumenta legalisert av utanriksstyresmaktene i landet der dei er utferda.

Apostille eller legalisering betyr at originaldokumenta blir stadfesta ekte av styresmaktene i landet der dokumenta er utferda. Dette stadfestar at signatur og embetsstempelet på dokumentet er ekte og at den som har underskrive dokumentet er offentleg tenesteperson.

Om du må få apostillestempel på dokumentet, eller få dokumentet legalisert, kjem an på kva land dokumentet ditt er frå. Du får svar på kva du må gjere med dokumentet ditt ved å velje kva land dokumentet er utferda i.

Fant du det du lette etter?