Auka minimumssatsar for lommepengar og norskkurs for au pairar


Frå og med 1. april 2019 blir satsane auka for norskkurs og lommepengar/lønn for au pairar. 

Publisert: 23.09.2022

Vertsfamilien skal gi au pairen minst 5 900 kroner per månad før skatt i lommepengar/lønn. I tillegg til dette skal au pairen få fri kost og losji. 

Vertsfamilien skal òg betale for norskkurset til au pairen og studiemateriell med minimum 8 850 kroner før skatt per år. 

Desse satsane blir oppjusterte jamleg. Au pairen skal alltid motta det beløpet det blir vist til på nettsidene til UDI.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?