Dersom du er frå eit land utanfor EU/EØS og ønskjer å studere i Noreg må du søkje om eit opphaldsløyve for studium. Dette blir og kalla eit studieløyve. Du kan søkje om opphaldsløyve for å studere på høgskole eller universitet, gå på bibelskole eller gå på folkehøgskole. Du kan og søkje om studieløyve dersom du er faglært og skal ta tilleggsutdanning for å få godkjent utdanninga di i Noreg.