Nettsida www.udi.no fungerer ikkje i nettlesaren Opera Mini, som du bruker no. Du må bruke ein annan nettlesar, til dømes Opera eller standardnettlesaren på telefonen din.
Ein utanlandsadopsjon er gyldig i Noreg i desse tilfella:
Adopsjonen er rettskraftig/endeleg og gitt av den rette adopsjonsstyresmakta i landet barnet er adoptert frå.
Bufetat eller Bufdir har gitt førehandssamtykkje til adopsjonen dersom han er gjord utanom ei godkjend adopsjonsforeining.
Den/dei som adopterte barnet, var busett i landet barnet blei adoptert frå då adopsjonen skjedde. Var barnet busett i Noreg, må Bufetat ha samtykt i adopsjonen.