Ein invitasjon er eit brev som er skrive av den du skal besøkje. Dette leverer du inn saman med dei andre søknadsdokumenta dine.
Noen ambassadar har eit eige invitasjonsskjema. Dette finn du i ambassaden sin sjekkliste. Dersom ambassaden har eit slikt skjema, kan den du skal besøkje fylle ut dette skjemaet i staden for å skrive eit brev.
Ein invitasjon er eit brev som firmaet/organisasjonen skriv til deg på brevpapiret sitt. Dette leverer du saman med dei andre søknadsdokumenta dine.
Nokon ambassadar har et eige invitasjonsskjema. Dette finn du i ambassaden sin sjekkliste. Dersom ambassaden har eit slikt skjema, kan firmaet/organisasjonen fylle ut dette skjemaet i staden for å skrive eit brev.
Dersom firmaet/organisasjonen også ønsker å stille ein økonomisk garanti, må de i tillegg fylle ut eit garantiskjema.