Gyldig inngått ekteskap


For at ekteskapet skal vere godkjent av norske myndigheiter, må det vere gyldig inngått, anten i Noreg eller i utlandet. 

Ekteskap inngått i Noreg

Ekteskapet er gyldig inngått dersom de har gifta dykk hos ei godkjend vigselsmyndigheit, til dømes

  • Den norske kyrkja
  • Human-Etisk Forbund
  • tingretten/byfogden

Ekteskap inngått i utlandet

  • Dersom de gifta dykk før nokon av dykk kom til Noreg, må ekteskapet vere gyldig inngått etter lovene i det landet de gifta dykk i. I tillegg må de begge ha vore minst 16 år gamle då de gifta dykk. 
  • Dersom ein av dykk er norsk eller budde i Noreg da de gifta dykk, må ekteskapet vere gyldig inngått etter lovene i det landet de gifta dykk i. I tillegg må de begge ha vore minst 18 år gamle, de må ha vore til stades under vigselen, og de kan ikkje ha vore gifte med nokon andre samtidig.
  • Dersom de gifta dykk på ein norsk ambassade, er ekteskapet gyldig inngått. 

Du finn meir informasjon på regjeringen.no. (ekstern nettstad)

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?