Nettsida www.udi.no fungerer ikkje i nettlesaren Opera Mini, som du bruker no. Du må bruke ein annan nettlesar, til dømes Opera eller standardnettlesaren på telefonen din.
Når du søkjer om besøksvisum, må du gi fingeravtrykk. Det betyr at du må møte personleg på ambassaden, konsulatet eller søknadssenteret for å registrere fingeravtrykka dine.
Når du reiser inn i Noreg, kan politiet sjekke at du er den same personen som søkte om visum.
Dersom du søkjer om vern (asyl) i eit Schengenland seinare, vil myndigheitene kunne sjå at du har fått visum tidlegare.
Dei einaste som ikkje må gi fingeravtrykk, er barn under 12 år, statsleiarar og delegasjonane deira i visse situasjonar (sjekk med ambassaden dersom du høyrer til denne gruppa) og personar som manglar alle fingrane.